Marflomakken Cyathocephalus truncatus : Ein skummel parasitt for fisk som har marflo på dietten
- 29 September 2021
- journal article
- research article
- Published by Scandinavian University Press in Naturen
- Vol. 145 (4) , 213-2116
Abstract
Innan alle dyreartar finst det knapt eit einaste individ som ikkje er vert eller mellomvert for ein eller fleire parasittartar, og ofte kan parasittane finnast i svært store antal. Dei høyrer til dei mest utbreidde livsformene og kan opptre i høge artstal i ein vertsart. Parasittar er med andre ord ei svært vellukka organismegruppe i dyreriket. Som eit døme kan nemnast parasittfaunaen hos fiskemåse Larus canus. I denne fuglearten var det alt for femti år sidan funne 65 ikteartar, 34 bendelmakkartar, 26 rundmakkartar og tre krassarartar (Bakke 1972), det vil seie langt over hundre parasittartar. I tillegg kjem virus, bakteriar, sopp og mange eincella organismar. Ved sterke infeksjonar kan ein parasitt påføra ein vertsbestand auka dødelegheit og redusert rekruttering. Eit godt døme på dette er bendelmakken reimorm Ligula intestinalis, som har eit larvestadium i bukhola hos karpefisk, med fiskeetande fugl som endelege vertar (Vik 1968). I ørekyt kan vekta av denne parasitten bli nesten like høg som vekta av fiskeverten (sjå figur 1), og slik infisert fisk blir langt lettare å fanga for fiskeetande fisk og fugl (Museth 2001). Eit anna høgst aktuelt eksempel er Gyrodactylus salaris, ein haptormakk som mellom anna har laks som vert, og som har gitt stor dødelegheit hos laksungar i mange norske vassdrag (Johnsen og Jensen 1986). Figur 1. Ei reimmakklarve Ligula intestinalis teke ut av bukhola på ein ørekyt fanga i Grungevatn, Vinje. Foto: R. Borgstrøm.Keywords
This publication has 3 references indexed in Scilit:
- Auren på Hardangervidda er sterkt påverka av klimatilhøveNaturen, 2016
- Effects of Ligula intestinalis on habitat use, predation risk and catchability in European minnowsJournal of Fish Biology, 2001
- Infestations of Atlantic salmon, Salmo salar, by Gyrodactylus salaris in Norwegian riversJournal of Fish Biology, 1986